Tur til Tverrådalskyrkja, 2088 meter over havet, fredag 8. august 2003


Tverrådalskyrkja er med blant toppane i topptrimmen til Luster turlag. Me gjekk denne lange turen i strålande ver med start på Sota sæter, der me hadde overnatta for å kunna starta tidleg om morgonen. Turen for vårt vedkommande varte i over elleve timar, men med så fint ver og så mykje fin og vill natur var det verdt slitet.

Desse var med: (frå venstre) Magnar og Gerd Høyum, Ragnhild og Oddvar Walaker, Hugo Mossestad, Arne, Håvard og Kjersti Kvalen, og Liv Solbakken ( Arne hadde fått betennelse i foten og kunne ikkje vera med til topps denne dagen)


Ein rast på vegen oppover


Ragnhild, Kjersti og Liv med Tverrådalskyrkja i bakgrunnen. Me gjekk opp langs ryggen frå venstre mot toppen


Kjersti og Liv studerer breen og grøvene som renn her i varmen.


Det var lett og fint å gå på breen, verre var det med steinurane.


Opp breen med stavar


Kjersti med bresprekkene i bakgrunnen


Fortundalsbreen mot Nørstedalsseter


Me ser attende mot Sota


Fortoppane i bakgrunnen




Lodalskåpa i bakgrunnen


Kjersti og Håvard var tøffe som greidde denne lange turen, og det utan å syta!


Tøffingen


På vegen ned møtte me Stein Ness og følgje på veg oppover