Uthuset på Stuaflåten i Luster kommune


Stuaflåten er ein gammal husmannsplass som Hafslo Sogelag ved Stuaflåtringen har fått restaurert. Plassen ligg på ein hylle om lag 250 moh mellom Mollandsmarki og sjøen. Det er bratt sti frå Mollandsmarki og ned til plassen.

Som ein ser av bileta var uthuset kome under tak då desse bileta vart tekne. Vidar Åsen frå Jostedal har vore anvarleg for arbeidet.