Maitur til Sogn - Bjordal og Kaupanger - og Tonje sin konfirmasjon


1. mai reiste me til Sogn. Først besøk hjå Rømo's i Bjordal og so ei veke i Kaupanger avslutta med konfirmasjonen til Tonje.

(I badestampen hjå Rømo's i Bjordal - Simen, Isabell, Rachel, Jakob og Frida - Sognefjorden i bakgrunnen)

(No har dei fått ballbinge i Bjordal, satt opp mens me var der!)

(Jakob var førstemann til å teste ut den flotte bingen)

(Fjelltur til Novi - Isabell og Frida med ein liten kvil på veg opp - Sognefjorden i bakgrunnen)

(Simen og Frida tek pause, med Isabell som benk)

(Isabell er blitt stor jente og baka ei super eplekake!)

Etter ei flott helg i Bjordal bar det innover fjorden til Kaupanger og Sogndal med diverse besøk.

(Frida og Anton storkosar seg saman og brukte mykje tid i gangen til Farmor og Farfar med legokofferten)

(Leon er blitt stor gut)

(Rachel og Farmor kosar seg i sofaen)

(Rachel og Louise i trampolinen)

(På besøk hjå Emma og Trym)

(Morro i trampolinen - Emma og Frida)

(Frida og Emma gjekk hovestups ut frå trampolina, det endte med kutt i panna og skrubbsår - og plaster og is)

(Snartur bort til onkel Øystein for å få kyndig vurdering av kuttet i panna - var heldigvis ikkje so djupt at det var nødvendig å gjera noko meir enn å setta på plaster)

(På besøk hjå Tor Arne (Trude var ikkje heime) - Bertine, Eirik, Rachel og Frida puslar)

10. mai var det klart for konfirmasjon - Tonje sin store dag. Middagen etterpå var saman med søskenbarn Marita (mødrene Synnøve og Mette er søstre).

(Tonje like før kappa skal på)

(Tonje og Marita var framme til presten sammen)

(Konfirmanten Tonje)

(Konfirmantane saman med foreldra - Jo og Mette, Marita, Tonje, og Synnøve og Øystein)

(Frida og Anton plukka fine blomster til konfirmanten)

(Konfirmantane ved middagsbordet)

(Elvira - niesa til Tonje)

(Frida og Rachel i kystdrakter)

(Louise i fin bunad - fotografert av Rachel)

(Stian sammen med Rachel og Louise)